PODLEN VERKSTAD as
HATLANDSMYRA 7 HEIANE INDUSTRIOMRÅDE SØR STORD
Postboks 1339 Heiane 5406 STORD
Telefon: 53 40 90 00 E-post: post@podlenverkstad.no
Opningstid: 07.30 - 15.00
VELKOMMEN
Velkommen til Podlen Verkstad si heimeside. Her vil du finna mykje god informasjon. Nedanfor finn du litt generelt om bedrifta. På dei neste sidene finn du fyldige presentasjonar av produkta våre, så ei orientering om Arbeid med Bistand og til sist opplysningar om kontakt og bestilling.
Podlen Verkstad held til i eigne lokale på Heiane Industriområde på Stord, ved E 39, ca 4 km sør for Leirvik, som er regionsenteret for Sunnhordland. Anlegget er på i alt 1800 m2, tomta er på 5 da. Alt var nytt i 2001. Stord kommune eig 96%.
Podlen Verkstad er arrangør av 2 av NAV sine arbeidsmarknadstiltak:
Varig Tilrettelagt Arbeid - VTA - og Arbeid med Bistand - AB -
VTA - Varig Tilrettelagt Arbeid - for trygda personer som ikkje utan vidare kan skaffa seg arbeid på den ordinære arbeidsmarknaden. VTA er produksjonsdelen i Podlen Verkstad. 25 yrkeshemma personar, frå kommunane Fitjar, Stord og Sveio, er i arbeid. Inntak av nye arbeidstakarar skjer gjennom søknad til NAV. Arbeidet i VTA skal bidra til å oppretthalda og utvikla ressursar hos arbeidstakarane gjennom opplæring, tilrettelagt arbeid og kvalifisering. Under stikkordet Produkt finn du fyldig presentajon av alle våre produkt og tenester.
AB - Arbeid med Bistand - sjå presentasjon under stikkordet Arbeid med Bistand

Podlen Verkstad as sitt anlegg på Stord
- - - - - - - - LES OM OSS - - - - - - - - BESØK OSS - - - - - - - - BESTILL HOS OSS - - - - - - - -