Podlen Verkstad

Hatlandsmyro 7  Heiane  Sør

5412 Stord


Telefon

53 40 90 00   mobil  901 63 598

 

 

E-post

post@podlenverkstad.no

Andre produkt

Proviantkasse: Delikat utføring og fasong etter avtale, i kvit material, for mat og servering.

 

Varmepumpehus: For vern mot lauv, snø, regn og smuss på varmepumpa. Byggesett, lett monterbart, og avtakbart for vedlikehald. Trykkimpregnert material, solid utført. kr 1 185,-

 

Basarårar: Treårar 19 x 2,5 cm med 5 vinnartal pr. åre. 200 årar pr. sett. Tal frå 000 til 999.

Ved fleire sett er tala frå 0000 til t.d. 3999. Vegleiande pris pr. sett kr. 2.950,-

 

Piggsvinhus: La piggsvinet få sitt eige hus.  Me lagar slike hus, solid utført,  med tak og inn/utkanal, slik piggsvina ynskjer for å ha ein god bustad. Kr 650,-

 

Treskilt: Flotte skilt av ukanta, høvla bord med målte, inngraverte bokstavar og overflatebehandling. Særs flotte skilt. Prisar frå kr. 900,-

 

Verktøykassar: Både i standard storleik, ca 50 x 25 x 12 cm til kr. 90,- og etter mål frå kunden.

 

Trebenker: Benker for klasserom, forsamlingshus og liknande. Lengde etter kunden sine ynskjer. Utføring i trekvit material eller trykkimpregnert. Prisar frå kr. 1180,-

 

Trekassar: Fine trekassar i kvit material, med freste kantar, pynteringar og lok, for leiker, garn, klede og hobbybruk. Kan fresa inn namn. Kr. 450,-

 

Merkestikker: Stikker for merking for grøftegraving, traséval og anna merking i landskapet. Lengder og dimensjon elles etter kunden sine ynskje.

 

Gjerdespiler / verandaspiler: Utforming etter kunden sitt ynskje, etter gamalt mønster eller rette spiler. Både med boga former og freste kantar. Be om tilbod.

 

Emballasje: Pallar, kassar og stativ kan lagast etter avtale.  Be om tilbod.

 

Skumgummiputer:

Sirkelrunde puter av 100 mm Superlux Porolon skumgummi for bruk ved sveising av røyr.

Dimensjoner frå 2 tommar. Be om prisliste. Svært rask levering.

 

Kan også levera formskårne puter til båtar og campingvogner, opptil 2 x 5 m.

 

 

Anna: Også montasje og samanstilling med andre materialar kan bestillast. Me har produksjon i større kvanta parallelt med eingongsbestillingar. Tilbod på nye produkt vert stadig gitt. Bearbeiding og samanstilling av andre sine halvfabrikata til ferdige produkt er også eit innslag i produksjonen vår.

 

Ta kontakt for tilbod, prisar og andre leveringsvilkår. Saman med kunden kan me laga prototypar og stå for produktutvikling. Levering over heile landet.