Podlen Verkstad

Hatlandsmyro 7  Heiane  Sør

5412 Stord


Telefon

53 40 90 00   mobil  901 63 598

 

 

E-post

post@podlenverkstad.no

Vaskeri

I vaskeriet vårt har me stor kapasitet. Blant over 50 faste kundar finn me små og store bedrifter, underleverandørar, bilverkstader, bakeri, serveringsstader, butikkar og idrettslag.

Me tilbyr kontrakt for faste kunder, utan bindingstid, med tilhøyrande prisliste. Det sikrar gode vilkår og ekstra service. Faste kundar får faktura annankvar månad.

 

Me vaskar: arbeidstøy, idrettstøy, mopper, matter, ryer, tepper, overtrekksmadrasser, puter, dyner, sengetøy, gardiner og dukar.

 

 

Faste kundar kan levera og henta tøyet etter eige behov. All vasking, tørking, rulling og samanleggjing skjer fagmessig og etter spesifiksjon frå kunden. Me skaffar tøysekker med logo for transport av tøyet.

 

Me tilbyr avtale om innkjøp, merking og utleige av sengetøy, handklede, mopper og matter.

 

Privatpersonar kan få vaska og lufttørka alt som det ikkje er plass til i private maskinar.

Tepper, overtrekksmadrasser, dyner og puter blir som nye etter behandling hos oss.

 

Rulling av dukar:

Me har ei rulle på over 3 meters breidde. Vasking og rulling med kort leveringstid.

 

Reparasjonar:

Me utfører både lapping og syreparasjonar etter avtale.

 

Golvmatter: 

Me leiger ut golvmatter til bedrifter og andre interesserte. Henter, vaskar og bringer kvar 14. dag eller etter avtale.  Ta kontakt, så ordnar me resten.

 

Ta kontakt for eit tilbod, enten det gjeld for firma eller privatpersonar. Me lover å yta full service.

 

Opningstida er kl 07.30 til 15.00 frå måndag til fredag. Mottak og utlevering utanom desse tidene etter avtale.

 

Ta kontakt og be om prisliste.