Podlen Verkstad

Hatlandsmyro 7  Heiane  Sør

5412 Stord


Telefon

53 40 90 00   mobil  901 63 598

 

 

E-post

post@podlenverkstad.no

Ved

 

 

 

 

 

Prisliste 01.01.2017                                             

 

Tal sekker (40 liter)                Furuved  (på lager )                      Lauvved (på lager) 

                                               

1                                                   50,-                                         60,-

5                                                 250,-                                       300,-

10                                               500,-                                       600,-

15                                               750,-                                       900,-

20                                             1 000,-                                   1 200,-

25                                             1 250,-                                   1 500,- 

30                                             1 500,-                                   1 800,-

40                                             2 000,-                                   2 400,-

50                                             2 500,-                                   3 000,-

60                                             3 000,-                                   3 600,-

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

                                               

                          

Opptenningsved                         25,-      pr. pose

Opptenningsved                         60,-      pr. sekk

 

Veden vert levert i 40 liters sekker, fylt med 30 cm vedskier.

Me kan også levera 40 liters sekker med 20 cm vedskier (same pris som 30 cm, ettersom det går fleire vedskier oppi sekken.)

 

Ovanståande prisar inkluderer:

Opptenningsved, fyrstikker og levering i garasje, vedbu e.l.

 

Transportkostnader:

Utkjøring på Stord: kr 200,-

Minstekvantum for utkøyring er 20 sekker ved. 


Bestilling

Bestilling av ved kan skje på tradisjonell måte over telefon:
53 40 90 00 (sentralbord)
eller via internett her: » Til bestilling

 

Vedavdelinga:

Råstoff vert i hovedsak kjøpt frå lokale skogeigarar, entreprenørar, kommunen,

vegvesen og utbyggjarar, alt tilkjørt i helle eller fallande lengder.

 

Årleg produksjon er over 12.000 sekker. Produksjonen føregår heile året.

Utstyret som vert brukt spenner frå handsag og enkel vedkløyvar til vedmaskin og

traktor med tømmerklype.

 

Vedavdelinga disponerer over 300 m2 inneareal og store overbygde uteareal

for lagring og tørking. 

 

FAKTA OM VED OG VEDFYRING

Varme: Furu varmar nesten like mykje som bjørk (sjå tabell under), furu er rimelegare i pris og er lettare å tenna fyr på, furu tørkar fortare enn lauvved og furu gir raskare varme frå seg i omnen.

 

Storleik: Veden vert levert i fullpakka 40 liter sekker. Veden er kutta i vanleg 30 cm lengde. Veden er kløyvd i passeleg tjukke kubbar og den er ferdig tørka og klar til bruk. Veden er norsk. Tennved er inkludert i prisen.

 

Veden er produsert og pakka i samsvar med Norsk Standard sine reglar for vedproduksjon. Prisane er etter Vestskog sine vegleiande prisar. (Same pris som i fjor).

 

Levering: Me leverer veden heim til deg, me lør sekkene fint opp i kjellaren, garasjen eller vedbua di.

 

Du kan også henta veden sjølv på Podlen Verkstad på Heiane, mellom kl. 08.00 og 15.00

måndag til fredag.

 

Pris og betalingsform: Me ynskjer kontant- eller kortbetaling. Dersom du ikkje er heime når me leverer kan du betale på førehand. Faste vedkundar får rekning tilsendt. Sjå prisliste over.

 

Me ynskjer at du vert ein nøgd vedkunde.

 

Historie

Ved har vore ei viktig energikjelde i uminnelege tider. I dag er ved den desidert viktigaste og mest utbreidde bioenergiforma i Noreg. Produkson av ved skjer overalt.

Mange skaffar seg ved sjølv medan andre kjøper veden. Veden vert selt på mange måtar. I småsekker, i storsekker og som favnaved. Myndigheitene har laga ein Norsk Standard;

"Ved til brensel i husholdninger". Den har spesifikasjonar om vedklassar, treslag, måleeiningar, fuktgrenser, emallasje m.m. Podlen Verkstad fylgjer denne standarden.

Vekta pr.  40 liters sekk ligg på 12 - 15 kg, avhengig av treslag.

 

Podlen Verkstad har produsert ved i over 25 år, og er ein av dei største produsentane/seljarane  av ved i sekker på Stord. Produksjonen engasjerer opptil 10 yrkeshemma arbeidstakarar og skjer i eigne lokale på Heiane, Stord. Podlen Verkstad brukar berre lokalt råstoff.  Det  er viktig i forhold til uavklarte spørsmål om insekt og andre ukjente faktorar kring importved.

 

Marknaden for ved er fri, og prissetjing er for så vidt også fri. Men Vestskog gir årleg vegleiande prisar. Podlen Verkstad held seg til desse.

 

Norsk Ved er eit forum for vedprodusentar. Podlen Verkstad er medlem.

 

Ved for sal skal vera tørr. Det betyr at den skal vera tørka ned til maksimalt

20 - 22 % fukt. Podlen Verkstad har fuktmålar, og gir garantiar for at veden er tørr.

 

Vedfyring i open peis gir låg utnytting av veden, ca 15 %, og er eigentleg mest

for kos.

 

Vedfyring i peis med innsats og i lukka omnar gir ca 70 % utnytting av energien.

Nye omnar utnyttar energien mykje bedre enn gamle omnar.

 

Fyringstips:

Bruk av opptenningsved lettar opptenninga. Fyr med god trekk under opptenning.

Reduser trekken litt når du seinare jamleg legg ny ved i omnene.  Ikkje legg innpå

i store mengde.  Hugs at all forbrenning krev oksygen. Struper du trekken for mykje vil

tjærehaldige røykgassar bli uforbrente og leggja seg som eit belegg i pipa.

Det kan enda i pipebrann.

 

Podlen Verkstad kan gi utfyllande tips om fyring.

 

NYTTAR DU PODLEN VERKSTAD SOM DIN VEDLEVRANDØR ER DU SIKKER PÅ Å

FÅ TØRR NORSK VED HOS EIN ERFAREN OG SERIØS VEDHANDLAR

 

Trevirke som brensel

Trevirke på rot har 50 % fukt. Fyringsklar ved skal ha under 22 % fukt. Podlen Verkstad måler veden før sal.

Kun tørr nok ved vert selt. Krokete og kvistrike tre har høgare brennverdi enn rake tre. Ulike treslag har ulik brennverdi. 

Volumvekta er avgjerande. Tabellen syner skilnaden mellom treslaga i kilowatt-timar pr fastkubikkmeter trevirke, for heilt tørr ved.

 

Rogn    Bøk    Eik    Ask    Lønn  Bjørk   Furu  Svartor   Selje   Osp   Gran   Gråor

 

 3190  3000  2900  2900  2800  2650     2350   2350      2290  2000   2000    1900

 

Måleeiningar for ved

1 fm3 = 1 fastkubikkmeter = 1000 liter fast masse

1 lm3 = 1 lauskubikkmeter = massen med lufta mellom

1 favn (mål) ved 4 m x 1 m x 60 cm = 2,4 m stabla ved

1 favn 60 cm ved kappa i 30 cm lengder gir 3,3 m3 lausmål (ikkje stabla)

1 favn 60 cm ved krav 1,6 fm3 råvirke. Eit tre på 1,6 m3 gir 54 stk 40 liter sekker.

Norsk Standard for småsekker er: 40 liter (50 x 80 cm) 60 liter (56 x 86 cm) 80 liter (60 x 100 cm)

Fastmasseprosenten på stabla ved er ca 65 % av brutto volum. På laus ved ca 50 %.