Gjenbruk - nye talgelys av lysrestar. Me støyper kubbe-lys i flotte fargar.
Me har også eit lite utval av gåveartiklar i tekstil. Me produserer varmeputer fyllt med ris. Dei kan varmast i microbølge omn og gjer godt for stive skuldrar og nakke. Me har sydde strikkenett og handlenett.
Sjå biletgalleriet.
På treverkstaden blir det ein del kapp, av det produserer me forskjellige småprodukt. T.d. gryteunderlag, glasbrikker, snørekrabbe, båt-byggesett og byggeklossar.
Sjå biletgaleriet.
Me lagar tennstavar av gamle aviser og smelta stearin frå lys-stumpar. Desse fungerer fint når du skal tenna opp i omnen eller ute i bålpanna o.l.