Her kan du lesa fakta og tips kring ved og vedfyring.
Mer lør opp veden på tilvist plass hjå deg. Sørg for at staden me leverer på er strødd om det er glatt, og me har rask tilkomst for leveringa.
Me leverer fortløpande og seinast innan ei veke.
Det er sjølvsagt høve til å henta ved sjølv i butikken vår på Heiane, frå kl 07:30 - 15:00.
Heimtransport pr tur |
|||
Tal Sekker | Stord Kommune | Fitjar Kommune | Bømlo Kommune |
0 - 30 | kr 350,- | kr 450,- | kr 550,- |
31 - 60 | kr 400,- | kr 500,- | kr 600,- |
Ved er den desidert viktigaste og mest utbredde bioenergiforma i Noreg. Myndigheitene har laga ein Norsk Standard; ”Ved til brensel i hushaldningar”. Den har spesifikasjonar om vedklassar, treslag, måleeiningar, fuktighet, emballasje m.m. Me i Podlen Verkstad fylgjer denne standarden.
Podlen Verkstad AS har produsert furuved i 20 år, og er no den største produsenten av furuved i sekker på Stord. Produksjonen engasjerer opptil 10 yrkeshemma arbeidstakarar, og skjer i eigne lokale på Heiane. Me nyttar berre lokalt råstoff.
Ved for sal skal vera tørr. Det betyr at den skal ha maksimum 20 – 22 % fuktighet. Me har fuktighetsmålar, og gir garanti for at veden er tørr. Me har tettpakka 40 liter vedsekker og vedlengda er 30 cm.
Råstoff vert i hovedsak kjøpt frå lokale skogeigarar, entreprenørar, kommunen,vegvesen og utbyggjarar, alt tilkjørt i helle eller fallande lengder. Produksjonen føregår heile året.
Utstyret som vert brukt spenner frå handsag og enkel vedkløyvar til vedmaskin og traktor med tømmerklype. Vedavdelinga disponerer store overbygde uteareal for lagring og tørking.
Bjørk og annan lauvved vert importert.
Me ynskjer at du vert ein nøgd vedkunde!
Ved har vore ei viktig energikjelde i uminnelege tider. I dag er ved den desidert viktigaste og mest utbreidde bioenergiforma i Noreg. Produkson av ved skjer overalt. Mange skaffar seg ved sjølv medan andre kjøper veden. Veden vert selt på mange måtar. I småsekker, i storsekker og som favnaved. Myndigheitene har laga ein Norsk Standard;
"Ved til brensel i husholdninger". Den har spesifikasjonar om vedklassar, treslag, måleeiningar, fuktgrenser, emallasje m.m. Podlen Verkstad fylgjer denne standarden. Vekta pr. 40 liters sekk ligg på 12 - 15 kg, avhengig av treslag.
Podlen Verkstad har produsert furuved i over 25 år, og er ein av dei største produsentane/seljarane av ved i sekker på Stord. Produksjonen engasjerer opptil 10 yrkeshemma arbeidstakarar og skjer i eigne lokale på Heiane, Stord. Podlen Verkstad brukar for det meste lokalt råstoff.
Marknaden for ved er fri, og prissetjing er for så vidt også fri. Norsk Ved er eit forum for vedprodusentar. Podlen Verkstad er medlem.
Ved for sal skal vera tørr. Det betyr at den skal vera tørka ned til maksimalt
20 - 22 % fukt. Podlen Verkstad har fuktmålar, og gir garantiar for at veden er tørr.
Fyringstips:
Bruk av opptenningsved lettar opptenninga. Fyr med god trekk under opptenning. Reduser trekken litt når du seinare jamleg legg ny ved i omnene. Ikkje legg innpå i store mengde. Hugs at all forbrenning krev oksygen. Struper du trekken for mykje vil tjærehaldige røykgassar bli uforbrente og leggja seg som eit belegg i pipa. Det kan enda i pipebrann.
Podlen Verkstad kan gi utfyllande tips om fyring.
Trevirke som brensel:
Trevirke på rot har 50 % fukt. Fyringsklar ved skal ha under 22 % fukt. Podlen Verkstad måler veden før sal. Kun tørr nok ved vert selt. Krokete og kvistrike tre har høgare brennverdi enn rake tre. Ulike treslag har ulik brennverdi.
Volumvekta er avgjerande. Tabellen syner skilnaden mellom treslaga i kilowatt-timar pr fastkubikkmeter trevirke, for heilt tørr ved.
Bjørk Furu Svartor
2589 2287 2287
Måleeiningar for ved:
1 fm3 = 1 fastkubikkmeter = 1000 liter fast masse
1 lm3 = 1 lauskubikkmeter = massen med lufta mellom
1 favn (mål) ved 4 m x 1 m x 60 cm = 2,4 m stabla ved
1 favn 60 cm ved kappa i 30 cm lengder gir 3,3 m3 lausmål (ikkje stabla)
1 favn 60 cm ved krav 1,6 fm3 råvirke. Eit tre på 1,6 m3 gir 54 stk 40 liter sekker.
Norsk Standard for småsekker er: 40 liter (50 x 80 cm) 60 liter (56 x 86 cm) 80 liter (60 x 100 cm)
Fastmasseprosenten på stabla ved er ca 65 % av brutto volum. På laus ved ca 50 %
Treng du ved kjørt heim til deg, lødd opp på tilvist plass i bod eller kjellar? Bruk bestillingsskjema og fyll inn leveringsadresse.