Podlen Verkstad

Arrangør av arbeidsmarknadstiltaket VTA - verdiskapande tilrettelagt arbeid

Som VTA-bedrift tilbyr Podlen verkstad AS eit varig og tilrettelagt arbeidstilbod for uføre personar som ønskjer ein meiningsfull og sosial arbeidskvardag. Me legg vekt på meistring, fellesskap og tryggleik, der kvar enkelt får moglegheit til å bidra ut frå eigne ressursar.

Gjennom våre ulike avdelingar - vaskeri, snikkarverkstad, vedproduksjon, pakke & serviceavdeling og bruktbutikk - får tilsette varierte og tilpassa arbeidsoppgåver.

Podlen Verkstad AS samarbeider med lokalsamfunnet og gjev òg elevar frå vidaregåande skule arbeidstrening. Dette skaper eit inkluderande miljø med fokus på trivsel, utvikling og arbeidsglede. Podlen har 33 VTA-plassar og er ein viktig ressurs for personar frå Fitjar, Stord og Sveio som ønskjer struktur og sosialt fellesskap i kvardagen. Me har tru på at arbeid gir meistring og livskvalitet for alle.

Play Video

VTA er eit arbeidstilbod til uføretrygda personar som vil ha ein sosial kvardag med meistringskjensle, gode rutinar i eit trygt og humørfylt arbeidsmiljø.

Bruktbutikken

Besøk bruktbutikken vår for ein rimeleg og miljøvenleg handel.

Group 46

Nettbutikk

Din tekst her

Dørmatter i kokkosfiber, valgfritt print.

serviett båt 1

Serviettholder, Båt

Talgalys

Kubbelys

varmepk. lang 350.-

Varmepakning ekstra lang

vaskeriet-podlen

Vaskeri

Me vaskar både for bedrifter, industri og private. Me har ikkje renseri, men kan hjelpa med vask av alt som har vaskeanvising frå produsent. Me har òg matteutleige.

Om VTA

VTA er eit arbeidstilbod til uføretrygda personar som vil ha ein sosial kvardag med meistringskjensle, gode rutinar i eit trygt og humørfylt arbeidsmiljø.

Me har fleire avdelingar og varierte arbeidsoppgåver og produktgrupper. I tillegg har me elevar frå vidaregåande skule i arbeidstrening hos oss.

Group 47

Aktuelt

Vegen tilbake

Les om Jørgen sin veg tilbake til arbeidslivet https://www.sunnhordland.no/annonsorinnhold/v/podlen-verkstad/vegen-tilbake-til-arbeidslivet/
Les meir about Vegen tilbake

Vedavdelinga – Video

I vedavdelinga finn du Are og Mathias, sjå videoen under for å bli litt betre...
Les meir about Vedavdelinga – Video

Bruktbutikken – Video

Hels på Bjarte som jobbar i bruktbutikken vår!
Les meir about Bruktbutikken – Video

Comments Box SVG iconsUsed for the like, share, comment, and reaction icons