Om Podlen og VTA

Podlen Verkstad er arrangør av arbeidsmarknadstiltak VTA - Verdiskapande Tilrettelagt Arbeid.

vaskeriet-podlen

Podlen Verkstad er arrangør av arbeidsmarknadstiltak VTA – Verdiskapande Tilrettelagt Arbeid. VTA er eit arbeidstilbod til uføretrygda personar som vil ha ein sosial og meiningsfull kvardag. Podlen har 30 VTA plassar. I tillegg har me elevar frå vidaregåande skule som er i arbeidstrening hos oss. Omlag 32 personar, frå kommunane Fitjar, Stord og Sveio, er i arbeid hos oss. Totalt er det 42 tilsette i Podlen Verkstad.

Me har avdelingar for:

  • Vaskeritenestar
  • Trevarer
  • Makulering
  • Gåveartiklar
  • Ved og fyringsprodukt
  • Bruktbutikk

Eventuelt overskot i bedrifta skal brukast til å styrke drifta og arbeidstakarane i VTA.

Podlen Verkstad AS held til i Hatlandsmyro 7, på Heiane Industriområde på Stord. Like ved E 39, ca 4 km sør for Leirvik som er regionsenteret for Sunnhordland. 

Er du nøgd, sei det vidare. Er du ikkje nøgd, sei det til oss!
Me tek gjerne i mot ros og ris, så ta kontakt med oss om det er noko du ynskjer at me skal bli betre på!

Sjå vår ris og ros side