Vaskeri

På vaskeriet tek me oppdrag frå både industri og privatpersonar.

vaskeriet-podlen-

Energi- og vatneffektive vaskemaskiner med doseringsanlegg

For å sikra det beste vaskeresultatet brukar me energi- og vatneffektive vaskemaskiner med doseringsanlegg i ulike storleiker. Store tørketromlar sørger for effektiv og skånsam tørk av kler, dyner og puter.

Til industri og bedrifter (lokal næring)

Me vaskar blant anna arbeidskler, moppar, matter, dukar, sengkler og gardiner for små og store firma. Dersom det er ønskeleg lagar me òg avtalar for transport og reparasjon av arbeidskler. Det er òg mogleg å leige matter.

Me kan vaska kler for idrettslag, ta kontakt for avtale.

Til private

Me kan vaska dyner, puter, dukar, sengeteppe, soveposar og overmadrasser (ikkje Wellpur). Me sørger for at dundynene og putene dine vert gode og luftige etter vask. Dukar vert vaska og rulla for deg slik at dei er fine, glatte og klare til bruk. I tillegg vaskar me enkelte golvteppe dersom vaskeanvendinga viser at det toler vask i maskin (maks 160x260 cm).

Det som blir levert inn til vask må vera utan hol/skader og vaskeanvendinga må vera på. Alt vert vaska etter anvending frå produsenten.

Skal du ha dåp, konfirmasjon eller bryllaup? Hos oss kan du leige kvite dukar til festlege anledningar.