Vedavdeling

Me har produsert furuved i over 30 år, og er no den største produsenten av 40 liter sekker på Stord.

baere-ved

Produksjonen engasjerer opptil 10 arbeidstakarar, og skjer i eigne lokaler på Heiane.

Me nyttar berre lokalt råstoff. Veden vert levert i fullpakka 40 liters-sekker og kjem i passeleg tjukke kubbar som er ferdig tørka og klar til bruk. Ved for sal skal ha ein fuktigheit på under 20%. Me har fuktmålar og sørger for at veden er tørr.

Furuveden er produsert og pakka i samsvar med norsk standard sine reglar for vedproduksjon og er produsert fra lokalt trevirke. Bjørk og annan lauvved er for det meste importert.

Me køyrer gjerne veden heim til deg, og tilbyr rimeleg heimtransport.

Levering skjer fortløpande og seinast innan ei veke. Veden lør me opp på tilvist plass hjå deg, så sant det er lett tilkomst og ikkje overstig 20 meter. På vinterstid må leveringsstaden vera måka og strødd.

Dersom leveringsstaden ikkje møter nemnte krav vert kunden fakturert kr 10,- ekstra per sekk. Hugs å rydde plass for levering før du bestiller.

Henting

Du kan òg henta veden sjølv hos oss på Heiane i opningstidene våre:
Måndag–fredag: 07:30–15:00
Laurdag: 11:00–15:00