Variert utvalg
Bruktbutikken hos Podlen verkstad AS er eit unikt tilbod for deg som ønskjer å handle rimeleg og miljøvenleg, samtidig som du bidreg til eit viktig samfunnsoppdrag.
Her finn du eit variert utval av brukte varer - alt frå møblar og interiør til kjøkkenutstyr, bøker og små skattar som ventar på å få nytt liv. Butikken er ein del av vår arbeidsmarknadsbedrift, der vi legg til rette for varig tilrettelagt arbeid (VTA) i eit inkluderande og sosialt miljø.
Ved å handle hos oss, støttar du både gjenbruk og lokale arbeidsplassar. Opningstidene våre gjer det lett å stikka innom på veg til eller frå jobb, og vi tek gjerne imot reine og heile varer frå kundar som vil bidra til sirkulær økonomi. I bruktbutikken får du meir enn gode kjøp - du blir med på å skapa meistring og glede for menneske i nærmiljøet.
Me tar imot varer
Varelevering: Me er takksame for varer me får frå kundane våre, og tek gjerne imot reine, heile og uskadde salsvarer!
Opningstider:
Måndag–fredag: 07:30–16:00
Laurdag: 11:00–15:00