30 tonn papir
Papirmakulering er ein trygg og effektiv måte å handtera sensitive dokument på, anten det gjeld for bedrifter eller privatpersonar. Hos Podlen Verkstad AS vert alt papir krysskutta i tråd med gjeldande krav til sikker makulering, slik at ingen informasjon kjem på avvege.
Kvart år tek vi imot om lag 30 tonn papir for makulering, frå både små og store kundar. Etter makulering vert papiret komprimert og sendt vidare til resirkulering, noko som bidreg til eit betre miljø.
Vi tilbyr også leige av papirdunkar med lås og brevslisse, slik at du kan oppbevara dokument trygt fram til henting eller levering. Har du behov for større oppryddingar, kan vi hente større mengder papir eller ta imot direkte levering. Papirmakulering hjå oss gir både sikkerheit for konfidensiell informasjon og eit miljøvenleg alternativ for handtering av papiravfall.
Avtale med leie av dunk?
Me tilbyr leige av papirdunk med brevslisse og lås. Me hentar og byter ut dunken når den er full. Dersom du ønskjer ein storopprydding i arkivet ditt kan me henta større mengder papir. Du kan òg levera direkte til oss.