Til privatpersonar og bedrifter
Snikkeri hos Podlen verkstad AS handlar om kvalitet, handverk og tilpassing etter behov. I vår snikkarverkstad vert tradisjonelt snikkeri kombinert med moderne løysingar, slik at både privatpersonar og bedrifter får akkurat det dei treng.
Me har lang erfaring med å laga alt frå varmepumpehus og rasteplassbord til blomsterkassar, postkassestativ og spesialtilpassa møblar. Snikkeri betyr for oss å vere fleksible og lyttande - anten du treng eit robust spisebord, hyller, skuffer eller skap i spesielle mål.
Me tek på oss både små og store prosjekt, og har også levert transportkassar, krybber og kilar til industrien. Snikkeri er eit fag der detaljar og finish står i fokus, og hos oss får du produkt som er laga med omtanke og stoltheit. Gjennom snikkeri bidreg me til eit meiningsfullt arbeidsmiljø, der meistring og arbeidsglede står sentralt.
Variert sortement
Treng du nytt spisebord, hyller, skuffer eller skap lagar me akkurat det du treng i den storleiken du vil ha. Me har blant anna god erfaring med å laga spesialbestilte transportkassar, krybber og kilar til industrien.
Lurar du på om me kan laga det du treng? Ta kontakt med oss!