Vaskeri

Miljøvennlig vaskeri for bedrifter og privatpersoner

vaskeriet-podlen-

Energi- og vatneffektive vaskemaskiner med doseringsanlegg

Vaskeriet hos Podlen Verkstad AS tilbyr profesjonell vask av tekstilar for både bedriftar og privatpersonar i lokalmiljøet. Moderne, energi- og vanneffektive vaskemaskiner samt store tørketromlar sikrar grundig og skånsom behandling av arbeidsklær, dukar, matter, sengesett, dyner, puter og mykje meir. Vaskeanvisning frå produsent følges alltid for å bevare kvaliteten på tekstila.

Bedrifter får fleksible løysningar med mogligheit for transport og reparasjon av arbeidsklær, i tillegg til utleige av matter.

Privatpersoner kan levere alt fra dyner og puter til dukar og overmadrasser, og me sørger for at alt blir reint, luftig og klart til bruk. Treng du dukar til festlege anledningar, tilbyr me også utleige av kvite dukar. Hos oss er vaskeri meir enn berre reine tekstilar - da handlar om tryggheit, kvalitet og tilrettelagt arbeid i et inkluderande arbeidsmiljø.

Til private

Me kan vaska dyner, puter, dukar, sengeteppe, soveposar og overmadrasser (ikkje Wellpur). Me sørger for at dundynene og putene dine vert gode og luftige etter vask. Dukar vert vaska og rulla for deg slik at dei er fine, glatte og klare til bruk. I tillegg vaskar me enkelte golvteppe dersom vaskeanvendinga viser at det toler vask i maskin (maks 160x260 cm).

Det som blir levert inn til vask må vera utan hol/skader og vaskeanvendinga må vera på. Alt vert vaska etter anvending frå produsenten.

Skal du ha dåp, konfirmasjon eller bryllaup? Hos oss kan du leige kvite dukar til festlege anledningar.