Ein meiningsfull kvardag

pakke
pakke

Arbeidet hos Podlen Verkstad gir dei tilsette meiningsfulle dagar.

– Eg veit ikkje kor eg hadde vore om eg ikkje hadde hatt jobben min å gå til, smiler Lillian Almås.

Samhaldet og det kollegiale fellesskapet gjer kvardagen verdfull.


Det luktar av nyhogd treverk. I strålande sol og bitande vind står Are og Mathias og sorterer ved. Tonen er munter, litt tøys og tull må vera lov medan erfarne hender sorterer vedkubbar etter storleik. Nokre skal i vedsekker og seljast vidare. Dei små skal i ei trillebår og blir opptenningved.

– Det kjekkaste med jobben vår er å vera med vener!

– Me tøyser mykje og trivst godt på jobb, ler Mathias og tek eit godt tak rundt kompisen.

Klemmen varmar i den kalde haustlufta og dei smiler til kvarandre. Are har jobba her i ti år, Mathias i fire. Begge fortel om ein meiningsfull kvardag med arbeidsoppgåver som dei meistrar godt.

– Det er eg som er kuttemeister og styrer kuttemaskina, smiler Are og peikar på vedsekken som snart er full.

– Ja, det er du. Du har jo vore her lengst, backar kompisen.

– Sånn, fortset Are og legg dei siste kubbane oppi før han knyter igjen med vante hender. – No er den klar til å leggjast saman med resten av veden.

Han løftar opp sekken og bærer den bort i vedstabelen.

– Du må vera sterk for å jobba med ved, altså.

Når ein ny sekk skal treast på stativet, blir det fort litt knotete og vanskeleg. Då er det godt å ha ein kompis som ordnar det lett som ingenting.

– Sjå her, Mathias. Eg skal hjelpa deg.

Lillian Almås lagar juletre av naturmateriell
Lillian Almås lagar juletre av naturmateriell

Lillian Almås veit korleis det er å vera langt nede, og måtte slutta i den tidlegare jobben sin i barnehage. For henne har Podlen Verkstad vore ei redning.

– Eg har det mykje betre mentalt no. Det betyr mykje for meg å kunna gå til arbeidet her på Podlen kvar dag. Å berre sitja heime… det er ikkje bra for nokon, seier ho ærleg.

For Lillian har det vore avgjerande med gode arbeidsleiarar som ser ho i kvardagen.

– Samhaldet me har her på jobb betyr alt for meg. Jobben har vore med på å bygga meg opp igjen, og det er verkeleg meiningsfullt å ha noko å gå til.

Det kjekkaste synest ho er alle dei gode kollegaene.

– I tillegg er arbeidsleiarane våre utruleg flinke og dyktige. Dei motiverer oss.

Akkurat no lagar ho juletre av naturmateriell på pakke- og serviceavdelinga. Små kongler blir limt fast til ei kjegleforma trådsnelle før det blir pynta med sølvkuler, girlander eller små raude sløyfer.

– Sløyfene lagar eg sjølv. Eg likar godt putlearbeid, smiler ho.

Tidlegare var ho på vaskeriet, men trivest betre med varierte oppgåver. Det meste av det som blir laga på avdelinga er gjenbruk, og dei prøver å bruka opp restmateriell så godt det går. Kapp av gardinlengder blir flotte handlenett og strikkeposar, medan stearinstumpar blir smelta om til nye lys.

Anne er arbeidsleiar og legg ned mykje innsats i at produkta skal bli bra.

Lillian (t.h.) saman med arbeidsleiar Anne.
Lillian (t.h.) saman med arbeidsleiar Anne.

– Det surrar idear i bakhovudet heile tida, smiler ho. – Ein finn jo inspirasjon alle vegar!

– Ja, eg er ofte innom Pinterest og leitar etter inspirasjon, skyt Lillian inn. – Då sender eg det til Anne, så ser me om det er noko me kunne prøvd oss på her.

Bjarte Espe (27) styrer Bruktbutikken med stødig hand. Han sit i kassa, tek imot bestillingar, prisar varer og hjelper kundane som kjem innom. Det er travle dagar på jobb, og Bjarte trivst godt.

Bjarte Espe (27) styrer Bruktbutikken med stødig hand
Bjarte Espe (27) styrer Bruktbutikken med stødig hand

– Me har stamkundar som er innom fleire gonger i veka, medan andre berre kikkar eller er på leit etter spesifikke ting som fotballsko eller ei ny steikepanne, forklarar han medan eit kakefat i krystall vert pipen gjennom kassa.

For Bjarte er jobben viktig, og betyr at han har noko å gjera på.

– Eg slepp å sitja heima og glo i veggen. Det er kjekt å koma seg ut og møta folk, vera ein del av noko. Akkurat det med å møta folk er noko av det kjekkaste med jobben min.

I Bruktbutikken kan ein finna mange skattar, som dette fiskegarnet.


Også Leif Erik Laukhamar trekkjer fram samhaldet på arbeidsplassen som positivt. Han jobbar i snekkarverkstaden, og i dag jobbar han med å pussa små bitar av tre som skal setjast saman til gryteunderlag.

– Det er kjekt å ha noko fast å gå til. Arbeidsmiljøet her er godt. Her har eg vener, og me har det kjekt saman på jobb, smiler han.

Hilde Johannessen har ei sterk historie
Hilde Johannessen har ei sterk historie

Hilde Johannessen har ei sterk historie. For fjorten år sidan hadde ho sin første arbeidsdag på vaskeriet, og ho legg ikkje skjul på at arbeidsplassen har betydd mykje for ho personleg.

– Eg snakka nesten ikkje då eg begynte her. Eg hadde inga tru på meg sjølv. No er det annleis. Her på vaskeriet føler eg meg trygg, og eg kjenner alle som jobbar her. Det har hjelpt meg å bli tryggare på meg sjølv i tillegg, og eg er blitt flinkare til å prata, fortel ho med eit smil.

For fjorten år sidan sat Hilde heime. Sjølvkjensla var på botn og ho sleit med å finna meining i tinga rundt seg.

– Det å ha ein plass å gå til snudde om på alt i livet mitt. At eg har Podlen å gå til kvar dag betyr alt for meg. Det å kjenna seg nyttig og føla at ein meistrar noko, ha trygge rammer og gode kollegaer å dela kvardagen med… det er så meiningsfullt, seier ho.

Hilde meiner det burde vore fleire tilbod som Podlen Verkstad i kommunen.

– Det å kome seg ut heimefrå, snakka med folk… det er veldig godt for psyken.

Ho fortel om gode kollegaer som saknar ho dersom ho er vekke.

– Det varmar når du får høyra at du har vore sakna om du ikkje er her.

Å ha ein arbeidsgivar som Podlen, som legg til rette for sine tilsette, trur ho er viktig.

– Om ein har det tungt ein dag så kan eg gi beskjed om det. Då tilpassar dei arbeidet til meg. Det hadde nok ikkje alle arbeidsgivarar gjort, trur ho.

Hilde er difor glad for å ha ein arbeidsgivar som ser ho.

– Det er godt å kjenna på at ein utgjer ein forskjell. Berre det å koma heim etter arbeidsdagen og kjenna at ein er sliten på ein god måte. Det er også godt at helg blir helg, og at ein får skilt vekedagane frå kvarandre. Det er viktig.

Ho legg til: – Det betyr heile verda å ha ein slik arbeidsplass å gå til, der du blir sett som person. For meg har det utgjort ein enorm forskjell.

Publisert i