Her finn du mange skattar!

Bjarte Espe (27) styrer Bruktbutikken med stødig hand
Bjarte Espe (27) styrer Bruktbutikken med stødig hand
Bjarte Espe (27) styrer Bruktbutikken med stødig hand
Bjarte Espe (27) styrer Bruktbutikken med stødig hand

I bruktbutikken til Podlen Verkstad kan du vera sikker på at du finn noko du likar.

– Du kan finna mange skattar her, slår Bjarte Espe fast.

Han er ekspeditør i den innhaldsrike bruktbutikken på Heiane, og har jobba der sidan oppstarten i fjor sommar. Han har full kontroll på alt frå kjøkkenutstyr og bøker til møblar, nips og LP-ar.

– Det er nesten litt farleg å jobba her, legg han til med eit smil.

Gjenbruk er i vinden som aldri før.
Frode Helland er dagleg leiar ved Podlen Verkstad, og fortel at hovudårsaka til at dei etablerte bruktbutikken for eitt år sidan, var å ha fleire bein å stå på – samt å gi arbeidstakarane verdifull butikktrening.

– Det er populært med gjenbruk. Kundane våre er i alle aldrar, både unge og eldre. Ungdomar er spesielt flinke til å gjenbruka klede, der har kanskje den eldre generasjonen litt å læra, meiner han.

– Nokre kjøper hos oss og sel vidare på Finn eller andre stader. Det legg me oss ikkje oppi, då dette er varer me uansett har fått. Prisane våre er konkurransedyktige har me høyrd.

Bjarte Espe har travle dagar på jobb i bruktbutikken. Han sit i kassa, tek imot bestillingar, prisar varer og hjelper kundane som kjem innom.

– Me har stamkundar som er innom fleire gonger i veka. Nokre er berre innom og kikkar, andre er på leit etter spesifikke ting som fotballsko eller ei ny steikepanne, fortel han.

Bruktbutikken er omlag 300m2. Her finn du varer frå 1 kr og oppover.

HAR DU NOKO du ynskjer å kvitta deg med, kan det få nytt liv hos Podlen Verkstad.

– Har du noko til overs, tek me gjerne imot det. Kriteria er at det er reint, fint og heilt. Det hender at folk tenker at dei kan gi ting til oss i staden for å betala for å levera det inn på SIM. Då seier me nei. Dermed kan me garantera at tinga som vert selde i butikken vår er godt brukande, heilt og fint, slår Helland fast.

Det hender at folk gir vekk spesielt fine ting.

– For ei tid tilbake fekk me inn ein sofa som var eit halvt år gammal. Den kosta 12.000,- ny og var framleis i sal på Skeidar, humrar han. I tillegg fekk med inn konge- og dronningstolar. Sjølv om trekket var ganske slitt for dei raskt ut att!

Ekspeditør Bjarte Espe (t.v.) saman med arbeidsleiar Øystein Kyvik. Bruktbutikken er open kvar dag frå 07:30 – 15:00, og frå 11:00 – 15:00 på laurdagar.


PODLEN VERKSTAD ER 
eigd av Stord kommune og er ei non profit-bedrift.

– Eventuelt overskot går dermed tilbake i bedrifta. Målet er å investera i dei tilsette og vidare utvikling av bedrifta vår. Om me treng ein ny vaskemaskin på vaskeriet, investerer me i dette av eventuelle overskotsmidlar. Eller om me treng nye spisestolar i kantina, som igjen er med på å auka trivnaden, forklarar Helland.

Bjarte Espe er ekspeditør i Bruktbutikken.

Podlen Verkstad er ei VTA-bedrift (Verdiskapande Tilrettelagt Arbeid). Tilbodet er til unge uføre som ynskjer ein sosial kvardag med skikkelege arbeidsoppgåver.

42 personar frå Stord, Fitjar og Sveio har fast arbeid på Podlen.

Publisert i